Avansert søk

Eitt treff

Bokmålsordboka

Nynorskordboka 5 oppslagsord

fedme

substantiv hankjønn

Opphav

frå bokmål

Tyding og bruk

det å vere (sjukleg) feit;
Døme
  • ha anlegg for fedme;
  • kampen mot stillesitjing og fedme

korpulense

substantiv hankjønn

Opphav

av korpulent

Tyding og bruk

det å vere kraftig og feit;

helseproblem

substantiv inkjekjønn

Tyding og bruk

problem med eller trugsmål mot helsa (1
Døme
  • ha diabetes og andre helseproblem;
  • han har slitt med helseproblem heile livet;
  • ho måtte slutte i jobb på grunn av helseproblema;
  • fedme er eit aukande helseproblem i mange land

mage 1

substantiv hankjønn

Opphav

norrønt magi

Tyding og bruk

  1. sekkforma utviding av fordøyingskanalen;
    Døme
    • kua har fire magar
  2. samnemning for magesekk og tarmkanal
    Døme
    • ha vondt i magen;
    • luft i magen
  3. avføring
    Døme
    • ha dårleg mage;
    • treg mage;
    • hard mage;
    • laus mage
  4. forside av overkroppen mellom brystet og underlivet;
    Døme
    • liggje på magen;
    • mage og rygg;
    • gå med bar mage
  5. utbuling av magen (1, særleg på grunn av fedme eller graviditet;
    (stor) vom (2)
    Døme
    • ein gammal mann med mage;
    • ho har barn i magen
  6. i overført tyding: område i mageregionen der ein tykkjest merke kjensler som spenning, uro og liknande
    Døme
    • kjenne eit sug i magen;
    • det kriblar i magen;
    • det knytte seg i magen;
    • gå på skulen med ein vond klump i magen

Faste uttrykk

  • gå med ein … i magen
    ha ambisjonar om å bli (det nemnde)
    • gå med ein skodespelar i magen
  • ha is i magen
    vere kald og roleg i ein kritisk situasjon;
    ikkje miste fatninga;
    halde hovudet kaldt
  • ha sommarfuglar i magen
    ha ei kriblande kjensle i magen fordi ein er spent;
    vere nervøs
  • på tom mage
    utan å ha ete
    • arbeide på tom mage

feitleik

substantiv hankjønn

Tyding og bruk

det å vere feit;